Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har levert forslag til nytt regelverk for gjødselvarer. Det vert foreslått to nye forskrifter til erstatning for dagens forskrift; ei gjødselvareforskrift, som skal regulere kvaliteten til gjødselvaren, og ei gjødselbrukforskrift.
Etter at arbeidet med revisjon av gjødselvareforskrifta starta i 2010, har det vore stor spenning knytta til kva nye reguleringar myndighetene ville foreslå.
Direktoratsgruppa, som er sett saman av Mattilsynet, Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet, har nå levert eit forslag til sine oppdragsgivarar i Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Generelt foreslår rapporten eit prinsipp om at spreiemengder skal tilpassast gjødslingsbehovet til det aktuelle arealet.
For avløpsslam vert det foreslått ei maksimal mengde for tilførsel av fosfor på 30 kg/daa over 10 år. Det vil ikkje vere tillatt å spreie avløpsslam på jordbruksareal med eit P-AL nivå på 14 eller høgare. I tillegg skal innhaldet av plantetilgjengeleg fosfor i avløpsslam telje med ved vurdering av fosforkvote.
For avløpsslam betyr dette at det kan tilførast inntil 2,1 kg plantetilgjengeleg fosfor/daa/år. Her vert det varsla ei overgangsordning frå 2,4 kg fosfor/daa/år. Tilførslene skal reknast som eit gjennomsnitt over 5 år.
I nedbørfelt der vassdraga ikkje oppfyller måla i vassforskrifta eller står i fare for å få forverra tilstand, kan myndigheten stille strengare krav.
Spreietidspunkt for organiske gjødselvarer vert foreslått frå 1. mars – 1. september. Ved såing av haustkorn eller andre vekster som etablerer plantevekst før vinteren kan perioden utvidast til 15. september.
Det er elles verd å merke at for husdyrgjødsel leverer Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet eit delt forslag.
Norsk Vann vil følgje opp rapporten og forslaget til ny forskrift gjennom arbeidet i avløpskomitéen og eventuell vidare kontakt mot myndighetene.
Les meir om rapporten og forslaget til nye forskrifter hos Landbruksdirektoratet her